Det handlar om augneblink.
Slike som ein hugsar, som gjev påfyll. Slike ein kan tenke attende på og smila. Eg tenker at ein kan fylle opp tanken sin med gode augneblink og bruke dei igjen når som helst. Ta dei fram når det måtte passe, så ofte ein vil. Når ein står i bilkø til dømes. Opne augneblinktanken og gå gjennom dei du har lagra. Jo fleire gonger du tek dei fram, jo lettare blir dei å hugse.
Augneblink i form av bilete er noko av det som gjer eit hus til ein heim, og her er det våre vegar møtest. Augneblink som er verdt å vise fram i heimen dykkar, som vil gi deg og dine ein gnist av glede kvar einaste dag. Kanskje eit stort familiebilde på veggen over sofaen hadde gjort seg? Eller kanskje du har god veggplass på kjøkenet og vil ha eit galleri av dine aller næraste der de daglig samlast rundt middagsbordet?
Eg er begeistra over muligheten til å vere med å skape noko for din familie som vil bli noko av det kjæraste de kjem til å eige i løpet av livet. Eg lovar å gjere alt eg kan for å overgå dykkar forventningar.
Når eg med entusiastiske sommarfuglar i magen overleverer deg splitter nye portretter som skal opp på hedersplassen i dykkar heim, lyser ansiktet ditt av forventning nett som hos ein femåring klokka 18 på julaften.
Å få oppleve din takknemlighet fyller augneblinktanken min til randen.
Vyrdsamt,
Mia Hereid